søndag 28. august 2016

Bok 70 2016: "The absolutely true diary of a part-time Indian" av Sherman Alexie

Alexie er ein forfattar også kjend som standup-komikar og filmprodusent, og denne boka var hans første i sjangeren YA (young adult). Eg har tidlegare hevda at amerikanarane sine YA-bøker er langt betre enn norske ungdomsromanar, og denne er ikkje noko unntak.

Eg-personen i boka er ein fjorten år gamal indianargut som bur og går på skule i eit reservat, men som er så skuleflink at han vel å begynne på ein meir prestisjefull, kvit skule. Sidan han er glad i å teikne teikneseriar, er der ein del slike i boka. Elles fortel boka på ein humoristisk måte om den klassereisa han gjennomgår. Boka er nemleg på mange måtar ein klassisk danningsroman (Bildungsroman) som følgjer hovudpersonen ut av heimen og attende att med ny erkjenning av bakgrunnen sin.

Eg las boka på engelsk, og språket burde vere enkelt nok for dei fleste 16-åringar, som er elevgruppa eg hadde i tankane. Problemstillingane rundt klasse og identitet kan vere vanskeleg å relatere seg til for yngre lesarar, og det trengst truleg noko bakgrunnskunnskap om reservat, alkoholisme og levesett blant indianarar for å kunne ha eit godt utbytte av lesinga.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar