mandag 8. august 2016

Roser i hagen 8. august

Nokre av rosebuskene mine er heilt eller nesten avblomstra, nokre hadde ikkje så fine roser at eg gadd å ta bilete av dei - eg trur eg har seks rosebusker som ikkje er nemnde her, i tillegg til nokre stilkar med klungerroser som eg ikkje har telt med.


Rhapsody in blue: luktar fantastisk, blomstrane står veldig kort. Planta 2015

Eg trur denne heiter "Brødrene Grimm", planta 2013

"Heidelberg" - eg har to av denne, planta 2015

"New dawn", planta 2015. Nydelege roser som luktar godt, men står kort tid.

Sandefjord, planta i år. Ikkje så fin på nært hald, sidan den ikkje er fylt, men den er botndekkande og fargesterk.

"Gärtnerfreude" - eg har to av denne, planta i år. Gjer mykje ut av seg som botndekkande og knallraud.

"The Fairy". Eg har to av desse botndekkande rosene, planta 2015. Dei har ikkje sprotte ut enno, men har yndige, små rosa roser.

3 kommentarer:

  1. Nydelege roser alle saman. Greitt at dei kjem til litt ulik tid.
    Eg er nok ikkje så flink å hugse/ra vare på namna...

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg tenkte det kunne vere lurt å blogge om dei ;)

      Slett
    2. Bloggen fungerer godt som minne i fleire samanhengar!

      Slett