søndag 7. august 2016

Tvinnefossen og Randabygda

Søndagsturen gjekk til Randabygda ved Panoramavegen mellom Lote og Stryn. Der gjekk vi frå Rand skule til Tvinnefossen, der ein kan gå bak fossefallet (den einaste staden i Nord-Europa dette er mogleg. Deretter gjekk turen ned ein bratt sti og gjennom eit gamalt gardstun, der vi kom i hyggeleg prat med ein bonde som heldt på å male. Han fortalde mykje om tunet sitt og bygda elles. Deretter gjekk vi ned på Hopland kai, der vi tok ein rast før vi gjekk vegen opp til hovudvegen. Dette området er noko "bak døra", og dermed litt eksklusivt, når ein ikkje er kjend.









2 kommentarer:

  1. Kjekt at de finn nye turmål!

    SvarSlett
    Svar
    1. Der er ein del folk som legg ut inspirerande bilete på facebook. Ikkje noko problem å finne på kjekke ting i nærmiljøet.

      Slett