fredag 5. august 2016

Glimmerdalen

Torsdag hadde vi lyst å gå ein fin tur, men turmålet vart såpass spontant at vi verken hadde med kart eller niste. Vi hadde sett starten av råsa då vi var på Grøndalsetra kvelden før, men det viste seg at den ikkje var så veldig tydeleg alle stader, og at dei fleste skilta undervegs låg på bakken. Det var derfor litt av eit under at vi fann vegen fram, og at vi nådde ned att før det vart mørkt og skodda la seg. Det var ein lang tur på 24 000 skritt, noko som er mykje i terrenget, men det var relativt lett å gå reint fysisk. Å leite etter råsa er derimot god hjernetrim.

Om Glimmerdalen på sida "Tursida, Friluftsliv høgt og lavt":

"Glimmerdalshytta var bygd av Osdalens Gruvecompani 1907. På den tida var glimmer, eller moskovitt ettertrakta. Dette gjennomsiktige mineralet liknar stiv plast, men kan delast i syltynne flak. Det isolerer og tåler sterk varme, noko som gjorde det veleigna i elektrisk utstyr. No har moskovitt mista nytteverdien, og ein finn det berre som glas i gamle kaminar.

Utvinninga vart først driven utan bustad i fjellet. Det var ikkje rasjonelt og det måtte være eit blodslit å bære glimmeren sju hundre stupbratte meter ned i Osdalen. Då Ingeniør Jordan frå Bergen overtok fekk han bygd hytta og ei taubane, men lønsemda vart aldri bra, og etter fleire eigarskifte var det slutt rundt 1920. Hytta fall saman, så berre dei fine murane sto att då ungdomar frå Austefjorden bygde den opp att i 1982. Ti år seinare vart stiftelsen ”Osdalen Glimmercompani” oppretta og løfta hytta til enkel, men moderne standard. Dagbrotet ligg der framleis, og for ungar er det ei stor oppleving å rote i glimmerhaugane."


Med utsikt attende mot Grøndalsetra

Utsikt mot Glimmerdalen, som ligg oppe til høgre i biletet

Mektige fjell ned mot Osdalen

Glimmerdalen


Lang tur: bilen stod parkert ved vatnet lengst bak i biletet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar