tirsdag 16. august 2016

Bok 66 2016: "De siste meterne hjem. 31 fortellinger om å være far" av Levi Henriksen

Forfattaren les sjølv på denne lydboka, som er ei hyggeleg samling av refleksjon rundt farsrolla. Boka er verd å lese som underhaldning og kos, men det er ikkje hans beste bok. Til det er den litt for typisk, med humoristiske anekdotar og referat frå samtalar med dei. Henriksen les veldig godt, og mellom forteljingane kjem det små musikalske snuttar òg. For ein gongs skuld skulle eg ønske ei bok var dobbelt så lang.

1 kommentar:

  1. Eg er enig med deg i det du skriv om boka. Innhaldet er kanskje trivielt men attkjennande. Levi H. er ein mann/forfattar ein blir glad i.

    SvarSlett