mandag 18. juni 2018

Nok ein uvanleg dag på jobb

I dag skulle vi ha avslutning på jobb, noko som var litt rart, sidan vi skal halde fram med diverse aktivitetar resten av veka òg. Fleire skulle takkast av, årets tydelege medspelar skulle kårast og vi fekk servert smørbrød og kaker. Vi var dessutan tre 68-modellar som fekk blomar og gåvekort frå jobben. I tillegg fekk eg gåvekort og blomar frå nokre av jobbdamene, så det vart ein kjekk bursdag på førehand.

Det har vore ein spesiell vår i år, med gravferd og konfirmasjon i løpet av kort tid, så eg har ikkje tenkt å lage noko storfeiring av meg sjølv. Planen er å finne på noko kjekt på sjølve dagen, og så blir det jubileumstur til Solund om ikkje så lenge. Då skal vi markere opphavet mitt der ute, pappas slektsbakgrunn og 60-årsmarkering av då mamma reiste til Solund for å vere lærar.

Gåvekorta skal eg bruke til sjølvdigging på spa og til å kjøpe meg motorsag. Der har de meg, liksom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar