fredag 8. juni 2018

Journalist - eller arborist?

I dag har vi jobba i hagen. Eg har for det meste luka, planta om og vatna, men Bladfyken hadde eit langt meir spektakulært prosjekt. Den gamle bjørka nedanfor verandaen hadde fått så lange greiner at det vart skugge både på plen og veranda store delar av dagen, og det var derfor på tide å klippe litt. Enden på visa var at han kutta alle greinene, så no står stammen att som skulptur. Vi får sjå om det veks ut meir, om vi skal sage ned stammen òg eller om den skal få stå slik den er. Det vart i alle fall eit gledeleg resultat på verandaen.

2 kommentarer:

  1. True eg hadde fjerna resten også, og heller planta eit nytt tre som ikkje skygde for noko. Så vart det kanskje litt ved i tillegg.

    SvarSlett
  2. Eg vil tenkje på det. No har vi hengande ein fuglematar i treet, og til jul har vi ofte pynta det med lys. Eg får sjå kva resten av familien meiner.

    SvarSlett