torsdag 21. juni 2018

Avskjedsfest for avgangselevane

No er det fire år sidan sist eg sende frå meg ei avgangsklasse eg hadde hatt i tre år. I dag skulle eg sende frå meg ein fin gjeng som eg var kontaktlærar for i fjor, men som eg har hatt i norsk i tre heile år. Det er første gongen eg har fått følgje ei studieførebuande klasse frå start til slutt, så det er litt spesielt. Dei to førre klassane eg følgde i tre år, hadde eg hatt i engelsk første året.

Denne klassen har levd med ein lærar som har studert og vore politikar, så spesielt dei første to åra hadde dei mykje vikar. Dei var heller ikkje så engasjerte i faget dei første to åra, men no siste året har vi stadig kome kvarandre nærare. Det er nesten så eg kunne ha tenkt meg å spole tida attende og gjere det heile på nytt, no når eg har forstått korleis dei fungerer. Uansett har dei aldri klaga på noko, eller sagt noko negativt om at eg studerer eller er engasjert på anna vis. Tvert imot viste dei stor omtanke då Pappa døde, og det var veldig rørande.

I dag delte vi eit måltid saman, og så fekk eg klemme dei ein etter ein før eg hasta av garde på kommunestyremøte. Heldigvis får eg nokre veker fri før eg skal vere klar til å ta imot nye elevar til hausten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar