lørdag 9. juni 2018

Med løytnantshjarta på rette staden

Sidan eg hadde luka beda i går, følte eg eit visst behov for å kjøpe nye plantar i dag. Sidan eg visste at mor mi hadde hatt eit ønske om å handle på Plantasjen, sende eg ei melding og spurte om vi skulle ta oss ein tur dit. Det ville ho, så då vart det tur til Ørsta òg. Mamma sitt ærend var å kjøpe blomar til grava til Pappa, og vi fann nokre vakre blå blomar og ei korg ho kunne sette framfor krossen. Begge kjøpte lavendelplantar - dei er rekna som sommarblomar, men eg har eit håp om at dei kan kome att neste år. Viss ikkje, får eg kjøpe nye neste år. Plantane hadde ikkje blomar no, men det ordnar seg sikkert etter kvart. Elles hadde eg lyst på ei ny staude eller to, men fann ikkje noko eg likte. Brått såg eg eit par store, fine løytnantshjarte, og då vart valet enkelt. Eg leita etter rosa løytnantshjarte i fjor utan å finne, og det er ein av mine mange yndlingsblomar.

Vel heime hadde sola gått ned, men eg fekk på meg arbeidsklede og tok meg ei økt i beda. Eg hadde òg kjøpt nokre sekkar med plantejord, men det skal eg styre med på dagtid når ikkje knotten bit. Det er lite eg synest er så kjekt som hagearbeid, utan at hagen min nødvendigvis ber preg av det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar