torsdag 21. juni 2018

Bok 41 2018: "Forliset" av Frode Granhus

I denne nyaste Granhusromanen møter vi igjen dei tidlegare kjenningane våre i politiet, og der er ei ny kriminalgåte. Boka følgjer same lest som dei andre ved at hendingar frå fortida får følgjer for notida, og det heile vert gradvis avslørt med nye og uventa tvistar. Denne gongen er det ein gut som går på ski og misser eine skia, ein båt som gjekk under med to dødsfall som følgje og nokon som vert halde fanga og dopa ned. Også denne gongen får vi ei oppnøsting av hendingar som fører til ei total oppklaring.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar