fredag 8. juni 2018

Ein heilt uvanleg dag på jobb


Torsdag hadde eg min siste ordinære undervisningsdag dette skuleåret. I norsktimane hadde eg planlagt å repetere resten av pensum frå vg2 og vg3, men elevane hadde ei overrasking til meg: dei hadde baka kaker, skrive eit nydeleg kort, kjøpt ein liten figur som berre trefte hjartet mitt og i tillegg ein nydeleg blomebukett. Vi skal møtast att ved eit seinare høve, så eg hadde ikkej forventa noko som helst markering, men det var sjølvsagt veldig gledeleg og rørande.

Seinare same torsdag gjekk nokre elevar og lærarar ned til staden der handelsskulen var før. Der vart det lagt ned "snublestein" for Abraham Mahler, som var elev der under krigen og som vart send til konsentrasjonsleir og drepen. Representantar frå familien var til stades, og det vart ei gripande stund.

På slutten av dagen hadde eg to timar engelsk, og det gjekk meir som normalt. Det var siste innspurt før eksamen med gode råd og tips, men dessverre var sju elevar borte. Det har begynt å gå mot ferie, og mange elevar er grundig lei av skule no, men ein skulle tru det var mogleg å halde ut dei siste to vekene òg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar