torsdag 2. februar 2012

Bok 7 2012: "Heia Oldemor" av Ingvar Moe

Mange hugsar nok Ingvar Moe på grunn av den morosame teksten "Jul i gamle dagar". Det var i alle fall dette minnet som gjorde at eg vart interessert i barneboka "Heia Oldemor". Det er ei samling historier om ei oldemor uanom det vanlege - ho reiser mellom anna på turné med Jahn Teigen.  Boka er frå 1984, og forfattaren døydde i 1993, men han les sjølv på lydboka, som vart produsert i 2002. Truleg har han lese den i "barnetimen for de minste". Innimellom kapitla kjem songar av og med Stanley Jacobsen ("ein skigard kan'kje vara evig, veit du"). Boka er svært underhaldande for store og små, og så er det kjekt med nynorsk litteratur også for born.

2 kommentarer:

  1. Den har eg lese. Utrulig morosam også utan songer. Der er ei bok til om Oldemor, trur den heiter Oldemor Rock eller noko slikt. Las desse bøkene til mange av elevane mine. Det som var morsomt for dei var at dei såg at Oldemor oppførte seg om lag som ei veslesyster eller -bror.

    SvarSlett
  2. Vi hadde Ingvar Moe på forfattarbesøk på Rygg skule på 80-talet. Hugsar han godt. Morosame bøker.

    SvarSlett