tirsdag 3. januar 2012

Bok 1 2012: "Den lille prinsen" av Antoine de Saint-Exupéry

Den franske piloten Saint-Exupéry skreiv denne barneboka i Amerika i 1942, etter å ha forlate heimlandet sitt på grunn av kapitulasjonen. Boka er verdskjend og mykje lese av born og vaksne, og no var det min vesle prins og min tur. 


Handlinga er kort fortalt at ei barnsleg forteljarstemme fortel om eit møte med ein prins frå ein annan planet. I dette møtet kjem det opp tema om verdisyn og haldningar, noko ein kan oppsummere med at ein ser klart med hjartet det auget ikkje kan sjå.


Minstemann var djupt fascinert av boka, noko som overraska meg. Dei enkle illustrasjonane fall òg i smak. Ein skal ikkje undervurdere born sin evne til å filosofere.

2 kommentarer:

  1. Eg las denne boka for lenge sidan, og når eg gav den til deg, var det for at eg tenkte at den vesle prinsen din ville kunne "ta" den.Hugsar at eg var betatt av boka då eg las den.

    SvarSlett
  2. Han har lytta med andakt, tydeleg begeistra på ein alvorsam måte.

    SvarSlett