tirsdag 16. oktober 2012

Min sønn Judas

Minstemann og eg måtte innom biblioteket i Ørsta måndag, då vi begge nesten hadde gått tome for lydbøker, og då utvalet på det lokale biblioteket etter kvart har begynt å bli lite. Inne på biblioteket hadde dei stilt ut eit utval nynorske barnebøker, i høve "Nynorsk barnebokveke" 15. - 18. oktober, og følgjande dialog utspelte seg:

Mor: "Sjå på alle dei fine bøkene! Det skal visst vere nynorsk barnebokveke..."

Son: "Nynorske barnebøker? Det høyrest gørr ut!"

Mor: "Synest du det? Det er vel flott det, med barnebøker på nynorsk?"

Son: "Ej HATA nynorsk! Det skulle ikkje ha funnest nynorsk! Nynorsk e stygt, og me burde heller skrive på bokmål, eller på stavangersk"

Mor: "Jaja... Men det er no fine bøker, uansett. Kanskje du kunne ha tenkt deg å låne ei til å lese sjølv?"

Son: "Ej ekje en sånn som lese - ej e en som blir lest for"

1 kommentar:

  1. Kjenner meg litt att frå då eg var på same alder. Nynorske bøker handla berre om kyr! var eitt av ankemåla mine, og eg las sjeldan og aldri ei nynorsk bok frå skulebiblioteket. Innbundne som dei var i einsfarga permar utan bilde. Kjedelig!
    Heldigvis har eg endra synet på nynorsk.

    SvarSlett