torsdag 9. april 2020

Fjerde koronaveke, dag 4

Etter å ha starta dagen med å lese ut den spennande boka eg har vore oppslukt av i dei siste dagane, erstatta eg turen i skogen med ein tur i hagen. Det var surt og kaldt med snøbyger, og eg tenkjer at eg heller vil gå fine turar og jobbe i hagen når det ikkje er så fint.
Før

Etter. Framleis nok å gjere.

Dagens prosjekt var først å flytte vekk noko av materialen frå leikarhytta Minstemann reiv for eit par veker sidan. Den har blitt liggande under snø og var blitt veldig sleip og våt, men eg fekk vekk det grøvste. Kanskje ber eg vekk resten i morgon, og i tillegg haugane med greiner og småtre som eg har klipt og saga vekk i det siste.

Eit mindre krevjande prosjekt reint fysisk var å rydde nokre grøfter slik at vatnet renn der eg vil ha det til å renne, røske vekk nokre visne planterestar frå i fjor og legge nye planar for årets hagesesong. Får eg vere frisk, får eg rikeleg med tid og mulegheiter til å styre i hagen i vår. Eg berre håper det skal kjennast trygt å handle på plantesenter etter kvart, for eg kjem til å trenge diverse utstyr, mold, plengjødsel og kanskje noko utstyr til å så urter. Hagearbeid er noko av det kjekkaste eg veit, sjølv om hagen min ikkje ser slik ut.

Ettermiddagen brukte eg til å høyre/sjå på presentasjonar som elevane mine leverte inn før påske. Eit par dagar før skulen vart stengd, sette eg i gang eit gruppearbeid der elevane skulle lage presentasjonar om ulike tema som hadde med Australia å gjere. Målet var et dei skulle halde desse presentasjonane for kvarandre, men no vart det altså innlevering av filmar til meg ("Screencast-o-matic"). Når opptaka er på 10-15 minutt, og der er 27 elevar i klassen, seier det seg sjølv at det tek tid å høyre gjennom alle, men eg greidde 23. Eg trur eg lærte ein heil del om Australia òg.

I kveldinga kosar eg meg med den australske (!) serien eg ser for tida, "Et sted å høre til". Den ligg på Nrk og er slett ikkje verst.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar