lørdag 23. august 2008

Fredag med framgang


Etter å ha brukt dagen til fjelltur og det meste av ettermiddagen til arbeid og litt middagskvild (eg plar sove ein blund under barne-tv, men kunne ikkje gå glipp av Fragglane...) var det koseleg å kunne dra på jentekveld hos ei venninne. Vi var fire damer, fekk servert ost/kjeks m.m. og heldt oss sjølve med god prat. Då eg kom ruslande heim "ut i de små timer" hadde Gubben montert badromsinnreidninga så og seie ferdig. Vi manglar nytt blandebatteri og ein del knaggar og oppheng, men no blir badet snart totalt fornya. Resultatet av min dag var 32000 skritt, men resultatet av Gubbens fridag var kanskje til større nytte og glede.

5 kommentarer:

  1. Dette såg skikkelig fint ut! Total fornying!Blir nesten litt misunnelig.
    Det som er så bra er at DE kan fornye badet utan å ta golvet. Det er ein STOR fordel. Lønner seg med godt "grunnarbeid" !

    SvarSlett
  2. Gratulerer!
    Vi har eit stort prosjekt med vårt bad i hovedetasjen............
    No lurer eg på kva fargar de ser føre dykk i handdukar?
    Oransje, raudt og svart, eller noko heilt anna???????

    SvarSlett
  3. Tanken er at ein skal kunne skifte litt stil på badet etter årstid. oransje om hausten, lilla i advent, raudt til jul osb. Når ein ikkje bruker dei, ligg jo handdukane inne i eitt av dei nye skapa, så dei kan godt ha ulik farge. No ventar vi på blandebatteri (måtte bestillast, sjølvsagt).

    SvarSlett