søndag 31. august 2008

Bjørnasethornet 739m




I og med at det regna i går og var meldt finever til i dag, jobba eg meg frampå så eg skulle kunne nyte dagen i dag med ein tur i skog og mark. Etter mykje diskusjon vart målet fjellet like bak huset vårt, det som syter for at vi ikkje har morgon- og vintersol her på garden. Eldstejenta var sjuk, men vi hine kom oss til topps til slutt - til og med unge Indiana Jones, som aldri hadde vore på noko fjell før. Han gjekk med hatt, pistol og eit hoppetau til pisk. På heimveg møtte eg naboen, som lurte på kva eg syntest om å stå på kanten og sjå ned på huset mitt. Eg berre kika dumt på henne. Målet er å nå toppen, ikkje å nyte noka utsikt. Kanskje neste gong.

1 kommentar:

  1. Ser ut som det har vore fint ver i høgda, ja sikkert her også.( Sidan eg har vore åleine heime, har eg sjølvsagt funne på 1000 ting INNE! ) Det kan vere godt å ha ein Indiana Jones med om ein skulle råke ut for farlege situasjonar. Sjølv ville eg heller hatt Mac Gyver (Veit ikkje korleis det skrivast)-yngre og sprekare type!!!!Hels pasienten og ønsk henne:God betring.

    SvarSlett