onsdag 6. august 2008

Gåve til Gubben

Sitat frå bursdagskort til Gubben frå gjengen på Hareid:

"Vi veit du er gammal speidar, men er du alltid budd?
Vi tenker då mest på når du skal på campingtur.

Har du:
1. Når du køyrer om natta og skal ta ei pause, har du då matchande pute til det lekre hestepleddet i campingvogna?
2. Når du skal skjere opp bryllaupskake, har du då rette reiskapen? Vi berre spør.
3. Og sist, men ikkje minst, er du budd på skadar?

Vi håper at desse gåvene gjer deg meir budd til komande campingturar!
Ver budd? Alltid budd?"

Godt påkome, og fine presangar! Tusen takk!

5 kommentarer:

  1. Så morosame og nyttige gåver har ikkje vi skaffa. Det blir vel "same procedure as every year"-altså må han kjøpe noko sjølv. Men pengar skal han få! Noko forsinka.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Vi lærte av fru L at ein ikkje skulle gje vekk ting som mottakaren kunne skade seg på.
    Denne gåva er motsett. Berre vel meint.
    Vi fekk erfare i sommar at de ikkje hadde førstehjelpspute i bilen. Heldigvis er det helst hovudverkstablettar og plaster ein treng!
    Slit den med helsa!

    SvarSlett
  4. Ja, og særleg skal vi slite isskeia og kakespaden med helsa...

    SvarSlett
  5. Forresten så er vi einige om å kjøpe oss digitalt speilreflekskamera for alt som heiter bursdagspengar.

    SvarSlett