søndag 24. august 2008

Sunny Sunday


Medan Gubben jobbar har vi hine hatt sommarferie igjen denne helga. Eg tok med meg jobben, dvs. ein bunke med nye lærebøker, ut i sola og var der det meste av dagen. I kveldinga sneik eg meg til å klippe ein plen, sjølv om eg eigentleg er motstandar av bråkete søndagsarbeid. "Den bortkomne sonen", altså hunden Bau, har vore på utstilling i Drammen både sist helg og denne, så resultata har hagla inn på mobilane våre. Sist helg var det ei stor Norsk Kennelklubb-utstilling med hundar frå både inn- og utland, og då enda han opp som 4. beste hannhund etter ein svenske og to onklar. Denne helga var det to mindre utstillingar i Drammen, og då vart han best i rasen (BIR) og deretter 2. beste i gruppa (BIG2) - altså den gruppa som inneheld gjetarhundar og brukshundar (t.d. Collie, Shetland sheepdog og Briard) - begge dagane. Vi skulle gjerne ha vore der og heia på han, men må nøye oss med eit "arkivfoto" frå Nesbyen.

4 kommentarer:

  1. Det var flotte resultat.
    Eigaren må vere godt nøgd med "fosterheimen"!

    SvarSlett
  2. Gratulerer med fostersonen. Det kjem an på om han blir så høg på pæra no at han blir for fin til livet på landet? Men han saknar vel Bianca og dei andre familiemedlemmene?
    Det er kjekt at han gjer det så godt, for han er ein flott hund.

    SvarSlett
  3. Når du nemner Briard, kjem eg på dei mange hundediskusjonane i heimen, der vi mellom anna var samde om at Briard var ein fin hund. Eg såg ein honningfarga Briard ein gong som var heilt nydelig.Kanskje de skulle hatt ein hund i ein annan rase også, så fekk de reise på fleire hundeutstillingar?

    SvarSlett
  4. Viss vi skulle ha supplert med ein rase til, ville det ha blitt ein Jack Russel terrier eller ein Shetland sheepdog. Personleg likar eg dei fleste hunderasar, trur eg, berre det er ein ok hund når det gjeld gemytt. Den som var med på fjelldagen fredag er ein Staffordshire Bull terrier, og ho er berre skjønn!

    SvarSlett