fredag 8. august 2008

Lærekjøring - eller lærarkjøring?


Vi kjøpte oss ny familiebil, ein Opel Vivaro, lang modell, ein gong i vår. Sidan det er Gubben som kjører med campingvogn, Gubben som kjøpte bilen og Gubben som i det heile er mest frampå her i heimen, vart den nye bilen "Pappa sin bil", medan eg durer rundt i Bestens gamle sedan. Den fungerer kjempefint for det meste, men eg får ikkje plass til fleire enn mine eigne fire born, og då må dei ha hundane på fanget. I og med at søskenbarna kjem på besøk, var det no påkrevd at eg skulle lære å kjøre den store Opelen, men kjøretimen med Gubben er blitt utsett og utsett (og eg trur eg veit kvifor). I dag skulle eg hente minsten i barnehagen, og så glapp det ut av meg: "er det noko som er veldig annleis med den bilen enn med min?". Jau, det var eit gear til, fekk eg høyre, og så måtte eg vente til glødinga slutta. Slik gjekk det til at eg drog på kjøretime UTAN kjørelærar. Nummer 3 vart nysgjerrig på å vere med på den farefulle ferda, og då eg plukka opp dei to eldste på ferjekaia, sat eldstejenta klar til å kritisere, men eg måtte skuffe dei alle med så og seie farefri kjøring både til og frå barnehage og ferjekai. "Mamma var flink til å kjøre bilen din, pappa", sa Nummer 3 ved middagen, og Gubben svara "Det skulle no berre mangle". Etter over 20 år med sertifikat skulle det kanskje det, men eg var no likevel kry av det heile. Neste gong skal eg kanskje prøve dei to siste geara òg.

2 kommentarer:

  1. Tøfft! Men du har no kjørt ganske store bilar før også. Denne bilen vi har no, har eg ikkje kjørt i det heile, den forrige berre nokre få gonger. Kan vel ikkje skulde på andre enn meg sjølv? Men det er liksom "pappa sin bil"-sjølv om eg også har hatt sertifikat i over 20 år.
    Du greier nok fint å køyre Opelen, men ver forsiktig, uansett bil.

    SvarSlett
  2. Eg brukte same metode då vi fekk oss kassebil for 11 år sidan. Det er berre å hoppe i det. Verst var det då eg tok bestefaren sin bil, ein Opel, før vi sjølve fekk oss det. Køyringa gjekk heilt greitt, men eg stod fast då eg skulle rygge... No meiner eg at Opelgiren er det mest naturlege.

    SvarSlett