torsdag 7. august 2008

Send meg smørret, Børre


I dag var nummer 3 einebarn, då dei to eldste er på besøk hos tanta og minstemann begynte i barnehagen att. Sjølv hadde eg ein avtale om å gå på café saman med eit par kollegavenninner, så eg bad Besta og Besten sjå etter veslejenta så ho skulle sleppe å høyre på kjedeleg kjerringsnakk (snarvisitten varte i over fire timar!). Etterpå gjekk vi i butikkar og kjøpte nye skuleklede, og då vi kom heim, gjekk vi lang skogstur med Bianca. Det er stille i heimen med berre to barn, og ved frokosten, då det berre var to av oss, begynte vi å herme etter søskena for å ha underhaldning.

2 kommentarer:

  1. Alle har godt av å vere åleinebarn av og til, spesielt dei med tre (eller fleire) søsken!
    Skilnaden frå 4-6 er ikkje så stor.
    I kveld har dei slått seg på "Heia Tufte". Mykje fnising og fliring langsmed. Sidan vi er så mange nytta eg høvet til å ta fram sveletakka, så fekk ein velje, lønnesirup eller smør og sukker.
    Døgnrytma gjer at det vert to kveldsmatar her.

    SvarSlett
  2. Dei timane Amanda var her gikk som ein røyk. Vi spela kinasjakk, som er det einaste spelet eg har tolmod med(fordi eg vinn heile tida?)og eg lærte A. nokre knep. Elles åt vi og såg hundevideoar på data. Til slutt fekk ho ulyste seg med dataspel-som regel er det"kamp" om maskina.

    SvarSlett