lørdag 23. august 2008

Og så var det endeleg fri igjen...



Gubben har arbeidshelg og kjem ikkje heim før ut på natta, men vi hine har hatt ein glimrande fineverslaurdag med raskt tilbakevendande feriemodus. Dei yngre ungane har vore uvanleg kreative i leiken, medan eldstejenta har lese Agatha Christie i solveggen. Vi slit litt med leselysta, så eg har lånt "Ti små negerbarn" til henne. Den boka las eg mange gonger då eg var barn/ungdom, og eg syntest den var like spennande kvar gong. Sjølv har eg både lese i solveggen, jobba litt med skulearbeid, vaska klede, laga middag og klipt tre plenar. Med andre ord: hatt fri. Eit av dei kreative høgdpunkta i dag var det Nummer 3 og den fire dagar yngre naboguten som stod for. I går hadde dei sitt første møte med kulturskulen, der ho skal lære å spele kornett og han baryton. Nummer 3 er pliktoppfyllande av natur, og ho arrangerte øving både i går og i dag. Då dei begynte å få dreisen på speleleksa, tok dei seg ein tur ut på marsj medan dei spelte så det høyrdest i heile fjorden. Eg sa dei skulle ha hatt ein hatt og spele for forbikjørande, og dette prøvde dei - utan å tene ei krone. Då gjekk dei like godt i gang med å spikre eit stort skilt. "Mamma, korleis skriv ein KIOSK", spurde Nummer 3, og då fekk eg ein mistanke. Den nye planen var å selje saft for ti kroner glaset medan dei spelte speleleksa som akkompagnement. Synd vi drakk opp all safta til middagen...

2 kommentarer:

  1. Kreativiteten lenge leve!
    Synest eg ser dei "i ånden".Nummer 1 bør bruke solbriller, særlig når ho les krim! Så blir det litt skumlare. Både mor mi og eg digga Agatha C ein periode, Så det er ein familietradisjon. Eg har no nettopp lese ut Snømannen og så skal eg lese islandsk krim.

    SvarSlett
  2. Ei innvending: Dei ser for rike ut!
    I fjor i København sat eit par kompisar og spelte på flasker med vatn i. Dei var kjempeflinke!
    På plakaten stod det : "Vi samler penger til riktige instrumenter." Eller noko i den dur.
    Den opna vi lommeboka for!

    SvarSlett