onsdag 13. august 2008

Aktivitetsdag







Tysdag var det eit irriterande ver, med sol og konstant utrygt for regn. Sidan vi hadde planlagt tur i Brundalen om kvelden, vart det ikkje nokon langtur på dagtid. Ungane reid litt og hoppa på trampoline medan eg klipte eit par plenar, og så var vi ein tur på stranda så ungane fekk bade litt. Seinare vart det Brundalstur med meir bading, fisking og grilling. Vel nede vart det eit mystisk måltid med steikte kreder og pølser, brødskiver og sjokoladepudding.

1 kommentar:

  1. Trur ikkje ungane har bada meir nokon gong enn denne sommaren.Det er ikkje så farlig om det ikkje er sol heile dagane, berre temperaturen er bra.
    Akkurat no føler eg det som eg har ete eit mystisk måltid sjølv; heimelaga kinamat!

    SvarSlett