lørdag 30. august 2008

Ballar i lufta

Det er nesten så ein kan bli litt forvirra. Eller i alle fall nesten tussete. Nye elevar med eller utan lærebøker, med eller utan datamaskin, med eller utan internett-tilgang og med eller utan særskilde ønske og behov i undervisninga. Og så er det fotografering, rådgjeving, klassens time og konsertar som forstyrrar det faglege fokuset i skuletida. I fritida har det vore ballett, hip hop, piano, fotball, korps, musikkskule og foreldremøte om Polentur (eg hadde mellom anna teke feil av avreisedag, så det var eit nyttig møte!). Fredag kveld tok eg meg ein rask joggetur (det var kanskje å overdrive, men eg vart raskt ferdig, om ikkje anna) og så reiste eg på vinklubb. Nok ein fredag med god vin, ost, kjeks og samtalar med bygdedamer som ein elles berre treff i barnehagen og på ferja. Vi var ni til bords, og praten var temmeleg høglydt. Ein perfekt måte å koble ut stress og alvor frå jobben på! Så vaknar ein opp og er strålande opplagd til husrydding, klesvask, skulearbeid, omsorg for sjuke born, brenning av brising, tur i skogen med bikkja, pizzabaking saman med borna og ein ny episode av "Sjukehuset i Aidensfield" medan ein sig langt ned i godstolen...

2 kommentarer:

  1. Høyrest noko heseblæsande ut for meg.Du får sjå fram til ei rolegare pensjonisttid om vel 20 år.Kven er det som er sjuk forresten?

    SvarSlett
  2. Og kvar gong ein trur at no skal det roe seg, dukkar det opp nye lappar. I morgon skal foreldra til nye korpsmedlemmer møte. Tysdag er det foreldremøte i kyrkja for konfirmantforeldra. Lenger har eg ikkje tenkt.
    Eg er heldig som har kort veg til jobben, og kan kombinere med ein gåtur å leite fram til Mat og helse og kopiere til norsk.

    SvarSlett