torsdag 14. august 2008

Ein roleg dag på landet


Onsdag tok vi livet med ro, dvs ungane spelte play station og data, leika hundeutstilling, hoppa i høyet m.m. og eg vaska for det meste klede og prøvde å halde kontroll på Minstemann. Dagen vart litt oppstykka av at Eldstejenta skulle på fotballtrening og Gubben var i Trondheim. Då dei kom heim, vart det brownies, pizzarestar frå middag, pastarestar frå tysdag, sjokoladepuddingrestar frå tysdag og blåbær- og isrestar frå tidlegare i sommar. Dagen gjekk utan at eg tok eit einaste bilete, så eg set inn eit frå tysdag. Legg merke til fluga - den seier kanskje litt om kvaliteten på kameraet? Liljene er minst seks år gamle, og eg fekk dei blomstrande i potte av Systa - det var då eg fekk idéen til å kjøpe sameleis liljer til Besta.

1 kommentar:

  1. Bildet var knivskarpt!Eg såg fluga!!! Det skulle tyde på at det nye kameraet er av god kvalitet.
    Mi lilje blomstrar også, men har på langt nær så mange blomster som di.Kanskje fordi ho har vore flytta.

    SvarSlett