fredag 15. august 2008

Varmblodige barn og kaldblodshestar






I dag har vi vore i Brundalen. Ungane bada, og denne gongen var eg streng med at dei skulle skifte av seg dei våte kleda når dei kom på land, og ikkje berre kle på seg utanpå. Sjølv styrte eg mest med bålet. Vi fekk oppleve både regn og sol på turen. Vel heime vart det rideskule att, og så vart det fisketur for storegutane (inkludert Gubben) og play station og data for jentene.

1 kommentar:

  1. DEt blir vel litt av ein nedtur for Hareids-dølene å komme hit etter ein så aktiv ferie.Eller kanskje dei treng å kvile?

    SvarSlett