søndag 17. august 2008

The Undomestic Goddess (25)


Er dette tittelen på min uskrivne sjølvbiografi? Neida, berre nok ei Sophie Kinsella-bok, den siste eg hadde. I denne er det store spørsmålet: er ei kvinne lukkeleg dersom ho har god utdanning og ein strålande karriere, eller er ho lukkelegare som hushjelp hos ein rik familie (med ein stileg gartnar i hagen)? Det store spørsmålet i dette blogginnlegget er: KVAR VART FEMINISMEN AV?

7 kommentarer:

  1. Kvar vart feminismen av?
    Ja, ikkje kan eg svare; men min "feminisme" held på å ta seg opp når eg les
    BRICK LANE av Monica Ali.
    Den handler om familiar frå Bangladesh som bur i ei innvandrergate i London.
    Og kva er eigentleg feminisme?

    SvarSlett
  2. Den boka har eg lese, og den er vel av betre kvalitet enn Kinsella, ja...

    SvarSlett
  3. Eg er ikkje ferdig med boka enno, og har lese den veldig sporadisk, så eg har sikkert ikkje fått med meg alt. Men eg blir av og til lei/deppa av å lese desse trøsteslause historiene om folk som av mange ulike grunnar ikkje greier å ta tak i livet sitt. Men det er nok ikkje lite enkelt for alle- alle stader iverda.

    SvarSlett
  4. Eg var påkurs i dag, og der vart "Brick Lane" halden fram som eit godt døme på ei bok som set eit kritisk lys på dei "nye" etniske gruppene. Kurshaldaren las opp eit utdrag om då den nye immamen blir vald, iført damesandalar og utan å kunne språket.

    SvarSlett
  5. Må berre tilføye at bøkene finst på italiensk, og dei ligg nær kassa i bokhandelane i Roma.
    Eg såg eldre damer enn meg lese dei på bussen!

    SvarSlett
  6. På engelsk? Det kan unnskylde mykje.

    SvarSlett
  7. Italienarane snakkar svært dårleg engelsk. Kun ho unge på kjøkenutstyrbutikken nær spansketrappa, kunne eg handle normalt med. T.o.m. John Travolta snakkar italiensk på TV.

    SvarSlett