søndag 31. august 2008

"De få utvalgte" av Peter Høeg (bok nr 26)


"Les denne du, og sjå om DU får noko ut av den", sa Besta og gav meg denne romanen. På omslaget såg boka grei ut den, og etter nokre dagar på nattbordet har eg endeleg fullført lesinga. Men kva så? Når eg har problem med ei bok eg har lese, googlar eg oftast fram ei bokmelding på nettet for å sjå kva det er eg har gått glipp av. Denne gongen fann eg ein litt sarkastisk kommentar om at romanen passar best for dei som vil utfordre intellektet. Tydelegvis har ikkje mitt intellekt godt av slike utfordringar. Eg skjøna litt, men fekk lite ut av romanen.

1 kommentar:

  1. No vart eg letta! Trudde nesten at eg var heilt kørka.Peter Høgh er liksom ein forfattar ein SKAL like, men eg har gitt opp meir enn ei av bøkene hans. Det har ikkje vore lydbøker- DEI greier eg som regel å komme meg igjennom.No har eg fått ein ny favoritt i Arnaldur Indridason.Ser at Wenche også likar dei bøkene.

    SvarSlett