lørdag 9. august 2008

Midtlivskrise, eller resultat av altfor lang sommarferie?

Til bursdagen min fekk eg mykje fint, og i tillegg gåvekort rundt omkring. I dag gjekk eg på G-sport med to av gåvekorta mine, og med litt ekstra i tillegg fekk eg kjøpt meg eit par rådyre joggeskor (synest eg, i alle fall). Det har lenge vore eit ønske frå mi side å begynne å jogge, og eg har til og med smugjogga iført fjellskor og med naturlege pausar dersom det var fare for å bli observert. Med skor som er spesialberegna for jogging på asfalt har eg ingen påskot for IKKJE å jogge - i alle fall dersom helsa toler det. No har det seg slik at kondisen ikkje er heilt på topp, noko som i si tid var sterkt medverkande til at eg skulka unna jogginga i gymtimane, og eg har aldri vore begeistra for blodsmak i munnen. Når eg, vel heime frå handlerunda, skulle begynne å jogge, bestemte eg meg for å ta det gradvis med vekselvis like mykje jogging og gåing. Turen vart i alt på 4,5 km, så då har eg faktisk jogga over 2 km, noko som er ein auke på fleire hundre prosent. No står det berre att å halde fram på same måte når kvardagen kjem sigande, og å lære Bianca "intervall".

3 kommentarer:

  1. Eg kan vel berre seie Gratulerer med nye skor og Lykke til.Her står visaren kronisk på Intervall.No har eg hatt PAUSE på altanen, men så må eg lage litt mat......Har begynt på Mustafa Can:Tett inntil dagene.

    SvarSlett
  2. Wow! No også joggande! Eg bøyer meg i støvskya som tydelegvis ligg etter deg på vegen. Kjekt å lese bloggen din.

    Kristin M.

    SvarSlett
  3. Las for ei tid sidan at trening gjev best effekt ved 4 min. frekvensar, altså 4 min. løping og 4 min. roleg gange/kvil. Skal også vere effektivt for slankarar, men det treng no ikkje du å tenkje på.
    Eidabesta

    SvarSlett