mandag 4. august 2008

Gubbe, 43


Den første gongen vi snakka saman, sat vi ein heil kveld og diskuterte musikk. Seinare fann vi ut at vi hadde meir enn musikksmaken felles, sjølv om vi i utgangspunktet var temmeleg ulike. I heimen vår er det ofte slik at eg kjem med idéane, men Gubben set dei ut i livet. Den eine fungerer derfor best saman med den andre.Vi kan vere irriterande einige om alt frå møblering og feriemål til religion og barneoppdragelse, og vi er omtrent like lite opptekne av pengar og status begge to. Vi er derimot begge opptekne av familie, heim og hundar! Gratulerer med 43-årsdagen!

1 kommentar:

  1. Det var vel Margrete som skulle vore i lag på bildet, etter den fine "talen" på dagen. Men sidan nr.3 er ganske lik mora får ho vere "stedfortreder".

    SvarSlett