søndag 17. august 2008

Been there, done that







For dei som har lese bloggen min tidlegare har det lenge vore ei kjend sak at eg har hatt som mål å gå på "Keipen" - eit fjell som ser heilt greitt ut frå "vår" side (sjå tidlegare bilete), men heilt ufatteleg bratt frå Bjørkedalssida. I det siste har eg møtt diverse kjenningar som nyleg hadde vore der, og dei har fortalt at det slett ikkje var så gale verken langt eller bratt. No har vi hatt eit par dagar med sol, og då slo vi til, dei to eldste borna og eg med bikkja på slep - eller helst omvendt. Dei som kjenner meg, veit at eg lid av ein temmeleg irrasjonell høgdeskrekk, så turen var litt av ei bragd for meg. Ungane fekk streng beskjed om at humor ikkje var tillate, at vi skulle gå i samla flokk og at ingen skulle forville seg ut på nokon kant. Trass i mine formaningar fekk vi ein triveleg tur, sjølv om det skal innrømmast at vi ikkje var ute på kanten og såg ned. Men på toppen var vi! Vi vart litt i tvil heilt på slutten, då vi fekk høyre at det sat ein familie med Rottweiler like oppom der vi gjekk. Bianca var heilt tullete på heile turen fordi vi traff så mange folk, og det er ikkje noko særleg å gå på ein skummel plass med ein hund som rykker i bandet. Nedatt tillot vi humor att, inklusive "tøysedetting" og historier om detting utfor stup. Alle var samde om at turen var heilt topp - heilt opp.

4 kommentarer:

  1. Gratulerer med bragden. Berre den som sjølv lid av høgdeskrekk forstår kor tøft det er.Det var på oppstiginga i trappene frå Parken Hotel til Fjellstua i Ålesund at det gikk opp for meg kva det vil seie å vere modig. Nemlig å gjere det ein eigentlig ikkje tør.
    I fordums sprekare dagar gikk far din og eg opp på eit fjell som heiter Veten. Eg la med ned og heldt meg fast i graset og bad min modige halvdel om å ta bilde slik at eg fekk sett utsikta seinare.

    SvarSlett
  2. Slike "anfall" har eg hatt på Dyngja, i Ravnedalen (park i Kristiansand) og i Peterskyrkja. For ikkje å snakke om turen på "Bukketrappene" ved Eiksund ein stad...

    SvarSlett
  3. På det bildet der E. er åleine- er det Brundalsvatnet og-dalen vi ser i bakgrunnen der?

    SvarSlett
  4. Det er Langevatnet, som ligg like bak Brundalen. Fin plass å fiske kreder.

    SvarSlett