søndag 10. august 2008

Vikarierande motiv



Kva er det du treng dersom du har ein krevjande jobb, fire barn, hus, hundar m.m.? Biletet av Gubben kan gi inntrykk av at rett svar skal vere "nye klede", eller "ein drøymedag med Jan Thomas", men rett svar er: ein ny HOBBY! No har vi vore glade i å ta og ha bilete tidlegare òg, men sidan vi har skaffa oss eit Canon EOS 450D, har hobbyen blitt heva til nye høgder. Det blir neppe nokon revolusjon i val av motiv, men eg håpar det kan bli nokre blinkskot utover. Spesielt når Eldstejenta og eg skal til Polen seinare i haust, og ho skal lage presentasjon om det på data - noko som var påskotet for å kjøpe kamera no. Det er alltid mykje lettare å rettferdiggjere nye innkjøp når det er ungane som treng noko. Elles har vi no fått to kjekke søskenbarn i heimen, noko vi har sett fram til lenge. Vi har mange opplevingar vi har lyst til å dele med dei, og i skrivande stund har Gubben teke med seg dei to største gutane på fisketur, medan jentene ser på film i campingvogna, der dei også skal ligge i natt.

3 kommentarer:

  1. Gratulerer med nytt fotoapparat. Eg er litt misunneleg. Men etter eit langt liv med stort fotoapparat, synest eg det er befriande med eit lite. Sjølvsagt kjekt med begge deler.
    De får ha ei fin veke. Berre legg ut på blogg. Kanskje det vert eit besøk på internettkafe!?

    SvarSlett
  2. Dette høyrest lovande ut! Sikker på at søskenbarna vil kose seg-og eit par ungar til betyr vel ingen ting? Dei er no store og flinke dei fleste, men blir det for travelt for husmora får du berre sende ein delegasjon hit!

    SvarSlett
  3. à propos de son YSL Dolabuy voici les résultats répliques de sacs ysl jetez un coup d'œil sur ce site Web Valentino Dolabuy

    SvarSlett