mandag 4. august 2008

Hundeliv på Nesbyen






Vi har hatt datatrøbbel etter toreveret i førre veke, men no er eg heldigvis på nett att. Spesielt kjekt fordi eg har gode hundenyhende til bloggen! No i helga var vi på Nesbyen, der det årleg er to utstillingar første veka i august. Det er ei populær utstillingshelg både for hundefolk og hundeutstyrsforhandlarar, så der er mykje liv og røre. I fjor var vi der ikkje, men Bianca var der, og ho vart best i rasen. I år fekk ho CK første dagen, men ingen rosett andre dag. Bau, som er nydeleg for tida, vart best i rasen laurdag og deretter nummer 3 i gruppe 1 (gjetarhundrasar). Søndag vart han òg best i rasen, deretter best i gruppe 1 og til slutt 4. best in show - altså nummer fire av alle ti gruppevinnarane. Dette er eit fantastisk resultat for ein såpass ung hund frå landet! Elles var vi ein hyggeleg gjeng med hundecamparar på Liodden camping - heile 13 stk fordelt på fire campingvogner - og laurdag steikte vi vaflar til heile gjengen og inviterte dei andre inn i forteltet vårt medan det regna. Søndag pitla vi oss heim, men stogga i Sogndal der vi feira fjerdeplassen og bryllaupsdagen til ortentrovaags med eit besøk på Dolly Dimple's.

3 kommentarer:

  1. Ja, det er alltid noko å feire!
    Kjekt at de får gode resultat. Vi ser at det ligg mykje arbeid og kjemming bak ein fin hund!

    SvarSlett
  2. Gratulerer med absolutt alt og velkomne heim att.

    SvarSlett
  3. Hei der :) så kjejkt å få melding i gjesteboka vår :) Vi storkoste oss helga i Nesbyen... blir vel å komme der tl neste år også :) Skal legge inn link til siden din etter ferien, men i dag drar vi... og da bærer det avgårde til Geilo der vi skal få stilt vår hvite boxer :) han en fortsatt god ferie så snakkes :)

    birgite, Jan, Patos og Leah

    SvarSlett