mandag 3. desember 2012

3. desember: kaldt og mørkt og lite sol

Då eg vakna i gryotta, var bilen dekt av tjukk is og minusgradene relativt mange. Då var det godt å ha moderne innretningar som rattvarme og setevarme i bilen, for ikkje å snakke om varmepumpe inne.

Eg har hatt litt ekstra omtanke for katt og kanin, så det vart påfyll av høy i kaninburet og mykje inneliv for katten LOL(a). Ho har fått eit nytt favorittpledd i godstolen, og vi kosar oss inne i kveldinga etter ein lang tur ute i kulden. Her luktar godt i heimen av krydder-duftlys og kongerøykelse. Det er forresten siste rest av røykelse som går med i kveld, og eg fekk ikkje kjøpt meir i dag då apoteket var stengt på grunn av ran!

4 kommentarer:

  1. Kanskje det var røykelse ranarane var på jakt etter også?

    SvarSlett
  2. Eg fryktar det. Kongerøykelse er eit "must" i desember her i heimen.

    SvarSlett
  3. I kveld lukter her rykande omn. Den lukta kjenner du vel også?

    SvarSlett
  4. Ja! Men her luktar ikkje mykje av vedfyringa. Varmepumpa greier ikkje oppvarmingsjobben aleine.

    SvarSlett