søndag 7. juni 2015

Bok 41 2015: "Tyvenes gate" av Mathias Énard

Dette er den første boka av den franske forfattaren som har kome ut på norsk. Den norske utgåva kom i år, men boka vart publisert på fransk i 2012. Handlinga er lagd til åra like før boka kom ut, så det må seiast å vere ein samtidsroman, som syner som bakteppe "den arabiske våren" og eit kriseramma Europa.

Eg-personen vert utstøytt frå familien då han vert teken på fersken i ein upassande situasjon saman med kusina si. Etter dette reiser han rundt i Marokko, opplever mykje problematisk og også noko positivt, før han kjem seg over grensa til Spania og til Barcelona. Vi følgjer altså det vesle mennesket si historie i den store historia, noko eg ofte synest er interessant og lærerikt. Denne boka er ikkje noko unntak, og den har vore lett og rask å lese.

4 kommentarer:

  1. Det er så mange bra bøker å få tak i på papir. Les ein lydbøker, blir det mykje krim og "bestseller"-bøker. Dessverre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dette var ei eg fekk som leseeksemplar frå forlaget, så den var totalt ukjend for meg.

      Slett
  2. Det er det som er så irriterande- dei mange gode bøkene som vi knapt får høyre om. Og så dei andre som blir promotert så det held uansett kvalitet.

    SvarSlett