fredag 26. juni 2015

Bok 50 2015: "Respekt" av Jon Ewo

I starten mislikte eg denne boka sterkt, då den verka som ei slik typisk ungdomsbok som bruker mange slang-uttrykk og banning og har handling lagt til eit kriminelt bymiljø. Boka er alt dette, men den har meir òg. Blant anna er den første forteljarstemma sterkt prega av rap-musikken han høyrer på, slik at boka delvis er skriven som ein rappe-tekst. Av ein eller annan grunn har forfattaren lagt inn ei stemme til som manglar denne stiltonen, mot slutten av teksten. Etter mitt hovud hadde den første delen stått svært godt aleine.

Den første forteljaren er Kim, ein kriminell unggut som har hatt ein vond oppvekst og som har oppnådd makt og kontroll i gatemiljøet. Reglane i dette miljøet er harde, men tydelege. Mot slutten kjem altså den andre forteljaren inn, utan at eg synest dette tilførte boka noko viktig. Eg trur boka kan passe for nokon, spesielt den første delen, men her på bygda kan ein ha problem med å identifisere seg med gatemiljøet og språket dei kanskje nyttar der.

Eit lite utdrag frå boka:

"Far var ørefiker,
en jævla sviker, 
en dust med høye viker
og ei vom så diger
at selv ikke diker
kunne holde den på plass."

1 kommentar:

  1. Eg har eit inntrykk av at mange ungdomsbokforfattarar legg seg på eit slikt ungdomsspråk, noko som ikkje gjer det så lett for alle av oss å lese høgt. Elevane mine synest det er morosamt når eg les banning. Det betyr heldigvis at det er langt frå mitt daglegspråk!
    Regelen eg har innført i skriftlege arbeid, er at banning berre skal vere med for å skildre eit miljø. Og det er no det det gjer her.

    SvarSlett