onsdag 10. juni 2015

Bok 42 2015: "Enken" av Gil Adamson

Vi er i Canada, i 1903. 19 år gamle Mary er sjølvvald enke, og vi møter henne når ho er på flukt frå brørne til mannen. Ho opplever mykje på flukta, møter interessante menneske og lærer nye ferdigheiter. Lesaren får gradvis vite meir om fortida hennar, samtidig som forfølgjarane halar innpå.

Eg likte boka litt i starten, men mista interessa undervegs, må eg innrømme. Den var ikkje spennande nok eller hadde stram nok komposisjon til å fungere som kriminalhistorie, og dei ulike handlingane hang for dårleg saman til å utgjere ein heilskap, slik eg såg det. Eg syntest det var litt spennande og interessant medan eg las, men sit att utan noko særleg inntrykk etterpå.

1 kommentar:

  1. Denne boka las eg for fleire år sidan. Ikkje det heilt store, men eg kosa meg med litt lett underhaldning.

    SvarSlett