søndag 28. juni 2015

Bok 52 2015: "Men livet lever" av Knut Hamsun

I denne tredje boka i trilogien om August dukkar han opp i Segelfoss by, som er eit oppdikta samfunn frå ein annan serie. Vi får høyre meir om dei menneska vi har blitt kjende med i tidlegare bøker, men det dukkar òg opp nye. Boka er ein slags kollektivroman som fortel om mangt og mykje i småbysamfunnet, og det er vanskeleg å seie kva den eigentleg handlar om. I våre dagar vil boka verke temmeleg triviell, men ein kan sjå føre seg at bøkene har vore meir nyskapande i den tida dei kom ut.

August er eit absolutt lyspunkt i ei elles noko langdryg leseoppleving (22 timar på lydbok). Det blir ei stund til eg les Hamsun att.

2 kommentarer:

  1. 52 bøker så langt? Det er ikkje anna enn drøyt imponerande.

    Eg er forsåvidt ganske glad i det eg har lese av Hamsun, men tykkjer at det er best eigna for små doser.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er svært glad i Pan, Sult og Victoria, men i den store forfattarskapen til Hamsun er der nokre bøker i kategorien "heilt ok". Og ja, eg les ein heil del, men til hausten skal eg begynne å lese meir faglitteratur.

      Slett