mandag 29. juni 2015

Nettshopping

Ein burde ikkje handle på nett, men heller støtte opp om lokale butikkar. Heilt klart.

Men så var det argumenta FOR nettshopping, då. Ein gong kosta det meg 500 kroner ekstra å kjøpe ein kjole på butikk enn viss eg hadde kjøpt den same kjolen på nett. Dessutan kostar det å reise til tettbygde strok med fire passasjerar og bil på ferja. For ikkje å snakke om at det tek tid. Når nettbutikkane i tillegg freistar med gratis frakt dersom ein handlar for over kroner 1000, er saka klar.

Denne gongen var det skor det gjaldt, og butikken eg handla på var sportsbutikken XXL. Tre av borna mangla turskor, og eg fekk tak i tre par heilt ok joggeskor til turbruk for til saman 1200 kroner. I kveld har to av ungane prøvegått sine skor, og dei er svært nøgde, sjølv om Minstemann ikkje ser problemet med å gå tur iført Converse-skor.

Veslejentas skor
Eldstejentas skor

1 kommentar:

  1. Eg innrømmer at eg handlar ein del på nett, spesielt bøker, men også anna. Når butikken ikkje har den vara du vil ha, kanskje ber deg kome att om nokre dagar, og så har dei den ikkje likevel, ja, då reiser eg ikkje over Eidet for å støtte butikken ...

    SvarSlett