lørdag 6. juni 2015

Bok 40 2015: "Kalak" av Kim Leine

Forfattaren fortel i denne boka om livet sitt, og det er noko av det mest dramatiske og spesielle eg har lese. Kim vaks opp i Noreg, og familien hans var Jehovas vitne. Då Kim var fem år, vart faren utstøytt av menigheita på grunn av utsvevande seksuell åtferd, noko han òg utset Kim for, då denne rømer frå mora til faren i København. Etter kvart hamnar Kim på Grønland, og det er her tittelen kjem inn. "Kalak" tyder "grønlendar", med eit negativt og ironisk hint.

Boka er godt skriven, og i følgje omslaget er det forfattaren sjølv som har omsett den frå dansk til norsk. Den er vel verd å lese, men vil truleg gi lesaren ein del hakeslepp undervegs. Eg er glad eg har lese denne som nummer tre av bøkene hans, for elles ville denne erindringsromanen ha prega lesinga mi av dei andre.

1 kommentar:

  1. Eg tenkte omvendt -at eg skulle ha lese denne boka først. Men du har kanskje rett. Eg las i samme rekkefølge som du.

    SvarSlett