Gamla førebur dei siste krampetrekningane i jobbsamanheng før sommaren, og Charlie hund har fått gå ut og inn som han ville. Vi har stor hage, og han likar å ligge ute og gnage på ein kjepp eller jage humler. I dag laga han plutseleg eit frykteleg leven ute, bjeffa så høgt at eg venta på naboklagar, og eg sleit skikkeleg med å få han inn. Han sprang rundt i hagen og gøydde som ein galen, men så kom han til slutt inn att. Då han var trygt inne att, vart han ståande og sjå ut vindauget på verandadøra medan han knurra høgt. Eg vart nysgjerrig og kika ut, og der rusla ein rev rundt i hagen som den naturlegaste ting i verda. Medan eg henta kamera gjekk han opp til leikarhytta, men eg rakk å ta bilete av han før han for.
Heretter skal hunden vere i band når han er ute, ingen tvil om det!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar