fredag 19. juni 2015

Bok 44 2015: "Kråkejenta" av Jerker Eriksson og Håkan Alexander Sundquist

Dette er ein psykologisk thriller der "ingenting er som det ser ut til", som det står på omslaget. Mitt problem med kriminalromanar er at eg som regel gissar mykje ganske tidleg. Kanskje har eg lese for mykje til å bli overraska. Det som begynte som ei ganske spennande historie om drepne gutar og overgrep, vart etter kvart relativt føreseieleg og noko klisjéprega. Likevel kjem eg truleg til å lese resten av trilogien om Victoria Bergman.

3 kommentarer:

  1. Eg har ikkje lese denne, så dersom det er lydbok ville eg gjerne lånt og rippa den.

    SvarSlett
    Svar
    1. Skal bli :) Eg har bestilt dei to siste i trilogien på biblioteket. I papirutgåver.

      Slett
  2. Smart å lese heile trilogien i eitt-når ein først har fått alle personane på plass.

    SvarSlett