Dette er den fjerde og siste boka om Bebe, etter det eg har lese på nett. Denne gongen møter vi henne på Sydentur saman med venninna Sara, som prøver å kome over noko fælt ho har opplevd. Dei slappar av og møter gutar, og det skjer i det heile svært lite revolusjonerande i boka anna enn at dei roar seg ned og styrkjer vennskapen sin.
No er ikkje eg i primærmålgruppa for denne typen bøker, men eg trur serien kan fungere godt for å skape leseglede hos unge og urøynde lesarar. Språket er relativt enkelt og nøytralt i stilen, setningane middels lange og sjølve bøkene ganske korte. Her er heller ikkje banning, slik ein ofte finn i ungdomsbøker som på den måten skal verke "autentiske". Mange unge lesarar reagerer negativt på slik språkbruk. Miljøet er ganske vanleg; Bebe bur saman med mora og søskena i eit rekkehus, medan venninna har gifte foreldre som har råd til å reise til Syden. Læraren er litt utidig i eit par av bøkene, men ikkje overdrive heller. Elles er dei fleste problema i livet til Bebe vanlege ungjenteproblem som dei fleste kan identifisere seg med.
Eg skulle ønske mange bokmålselevar i ungdomsskulen kunne lese desse bøkene som ein del av sidemålsundervisninga, for dette er god nynorsk som dei kunne ha identifisert seg med gjennom handlinga i bøkene.
Etter å ha lese heile serien, seier Veslejenta (15) at ho likte serien, men at siste boka handla om ingenting.
SvarSlett