tirsdag 9. juni 2015

Musikkskulekonsert

Minstemann har teke timar i slagverk dette skuleåret, og i dag var det tid for vårens konsertar. I Volda deler ein opp slik at det i dag skulle vere konsertar klokka 17 og 19, og vi skulle vere på den første. Den varte i litt over ein time, og på den tida rakk publikum å bli halvert. Det er nemleg ein uskikk på slike konsertar at foreldra forlet konserten når barnet deira har spelt. Nokre har sikkert gode grunnar til å gå tidlegare, men eg trur ikkje det gjeld alle. Etter mitt syn har ungane godt av å sitje stille og lytte og klappe til kvarandre, og foreldre må skjøne kva signal dei sendre til eige barn og omgjevnadene.

I dag var vår Minstemann siste nummer på konserten, og han kunne enda opp med å berre ha mor, syster og besteforeldra i publikum. I følgje han hadde det vore greitt, sidan det er vi som betyr mest for han, men eg var glad for at der var halvfull sal. Eg lurer på om det same hadde skjedd dersom konserten var i ein amfisal, for eg har ikkje sett nokon gjere slikt på Eid eller i Ørsta.

2 kommentarer:

  1. Hei!
    Det er diverre velkjent at foreldra forlet konserten når deira barn er ferdig. Det er ein del år sidan våre born var i musikkskulen, men vi opplevde det same i ein nabokommune. Eg meiner det er respektlaust ovanfor dei borna som er att!
    Mnh. V....

    SvarSlett
  2. Dette bør dei ta oppbåde med elevane og foreldra på musikkskulen. Barna skal lære å respektere ddei andre og det dei gjer, og då må dei vaksne vere gode rollemodellar.

    SvarSlett