torsdag 18. juni 2015

Bok 43 2015: "Det forbudte barnet" av Katherine Webb

Denne boka har eg hatt liggande på vent lenge. Den kom dumpande ned i postkassa mi fordi eg hadde gløymt å avbestille den, og vart såleis den utløysande årsaka til at eg melde meg ut av alle bokklubbar eg var medlem i. Eg var skeptisk til forfattaren, sjangeren og tittelen - og ikkje minst til omfanget (526 sider).

No har eg lese boka, og eg må innrømme at eg vart positivt overraska. Dette er kanskje ikkje så høgverdig litteratur, men det er ein godt gjennomført historisk roman med ei melodramatisk handling som fengde meg frå start til slutt. Her er gåter og forviklingar som ein ikkje gissar umiddelbart, sjølv om noko av handlinga er lause trådar og delvis føreseieleg òg. Eg konkluderer med at dette var herleg underhaldning, og ein av dei betre "løkkeskriftromanane" eg har lese. Kanskje minner det om ein slags moderne Charles Dickens, eller så er det berre at tidskoloritten gir slike assosiasjonar.

Handlinga vekslar mellom ulike årstal tidleg på 1800-talet. Vi møter kvinner med uvisst opphav, menn med uvisse intensjonar, forhold som er brotne uvisst av kva grunn - kort fortalt er det mange gåter som delvis vert løyste undervegs. Hovudpersonen er Rachel, som ikkje har familie, og som nærast flyktar inn i eit ekteskap då endeleg nokon frir til henne. Ein får raskt sympati for Rachel, og heile handlinga er som skapt for filmatisering. Enn så lenge bør ein kose seg med boka.

2 kommentarer:

  1. Eg måtte slå opp i bloggen min for å sjekke-eg veit at eg har lese boka-i år. Men etter å ha lese omtalen min, hugsar eg framleis ingen ting. Trur det kjem veldig mykje an på kva "modus" eujn er i når ein les bøker. Eg syntest i alle fall at boka var for lang.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg las den i papirutgåve, noko som truleg korta ned lesetida ein heil del.

      Slett