onsdag 3. juni 2015

Sunndalssetra

Utsikt frå nedst i setrevegen

Sunndalsnipa sett frå der stien startar

"Nytt liv av daude gror"





Frå Fyrde inst i Austefjorden kan ein køyre opp ein smal veg mot eit område som heiter Sunndalen/Sundalen (alt etter kven du spør). Derifrå går det ein relativt bratt setreveg opp til eit lite damanlegg, og derifrå går det to stiar til Sundalssetra. Vi gjekk opp den bratte setrevegen tysdag kveld, og vidare fram til setra. Då begynte det å regne, så vi gjekk ikkje vidare inn til Sunndalssetrevatnet, noko vi truleg kjem til å gjere neste gong. Då kjem vi truleg òg til å køyre opp vegen så langt den går, men der krevst det firehjulstrekk og gode bremser, eller i alle fall gode bremser. Noko av den brattaste vegen er asfaltert, og det har begynt å vekse mose på asfalten. Dette kan etter kvart bli eit problem. Sunndalssetra kan vere eit utgangspunkt for toppturar til Sunndalsnipa og Eidskyrkja, men det er høge og bratte fjell som krev noko trening.

Det er kjekt å "oppdage" nye turområde, og fantastisk med dagslys så lenge at ein har høve til å gå relativt lange turar etter arbeidstid. Vi får håpe på mindre regn framover, for det er langt kjekkare å gå tur når det er opplett.

1 kommentar:

  1. Vi har vore i Sunndalen ein gong og besøkt Inger og Rolf Vatn som har eit hus der. Men vi stoppa der.

    SvarSlett