onsdag 10. juni 2015

Folkestadsetra

I dag hadde Veslejenta heimedag, Eldstejenta og Minstemann hadde fri og eg måtte ein tur på jobb. Eg kom heim til lukta av nybakte bollar og reint hus, og det var sjølvsagt eit plaster på såret når fridagen gjekk ad undas. Då Veslejenta skulle på fotballtrening, gjekk vi andre tur i høljande pøsregn. Turmålet var Folkestadsetra, og vi rakk såvidt opp før vi måtte snu ned att. Det var forfriskande, men vi er litt leie av dårleg vêr.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar