onsdag 24. juni 2015

Sommarsveisen 2015

Vi er fleire i familien som treng ein hårklipp, men i dag fekk vi i alle fall Minstemann ferdig klipt til sommaren tek av for alvor! ærende i tettbygde strok var å kjøpe meir sen til kantklipparen og å hente eit par bøker til på biblioteket. Ettermiddagen har gått med til kantslått og luking, og dei to yngste har vore hagehjelparar. Veslejenta har slått kantane langs heile oppkjørsla, og det er ikkje lite! Ho kjem nok til å kjenne det i armane når det lid på.

Eigentleg likar eg hagearbeid svært godt, sidan det gir så synlege resultat, men det er godt å ha gode hjelparar så ein slepp å gjere alt som må gjerast sjølv.

2 kommentarer:

  1. I dag kom eg meg og ut! Tidlegare i veka har vinden gjort det utriveleg.

    SvarSlett
  2. Vi var ute ei stund på ettermiddagen, men så kom den iskalde nordavinden.

    SvarSlett