onsdag 3. juni 2015

Bok 39 2015: "Farvel til Eddy Bellegueule" av Edouard Louis

Den franske forfattaren Edouard Lois er fødd i 1992, og debutboka eg no har lese kom i 2014. Litt googling på nett fortel meg at han no er i ferd med å skrive doktoravhandling om klassereiser i litteraturen og at han har motteke ein pris mot homofobi, og det seier ein heil del om både han og boka hans.

Hovudpersonen Eddy er ein ung mann som veks opp i eit brutalt arbeidarklassemiljø i ein fransk landsby. I denne landsbyen slår mennene konene sine, og kvinnene blir sett på som rare dersom dei ikkje får born. Eddy blir mobba fordi han ikkje er mandig nok, og han prøver å bli kvitt stempelet som homofil på ulike måtar.

Dette er ei sterk bok som viser korleis det kan vere å bli mobba, og kor vondt det kan vere å vere annleis enn menneska rundt seg. Den var lett å lese og vanskeleg å legge frå seg, så eg trur det er ei bok som kan slå an blant ungdomar som ikkje er så vane med å lese.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar