fredag 5. juni 2015

Fladalssetra

Det er kaldt og vått for tida, men det gjer godt å kome seg ut litt likevel. Torsdag kveld gjekk vi tur til Fladalssetra på Bjørkedalen - denne gongen gjekk vi opp setrevegen som ein kan køyre. Den er litt bratt nokre stader, men det gjekk bra når det var så kaldt.

Noko interessant på denne setra, er dei mange inskripsjonane på seterbygningane. Eg veit ikkje om årstala er ekte, men fleire årstal går attende til tidleg på 1800-talet. Det er ei seter med fint restaurerte bygningar.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar